top of page

Vokteren – sesong 2 spelt inn i Gloppen

  • Vegar Sårheim
  • for 6 døgn siden
  • 1 min lesing

No er sesong 2 av Vokteren på lufta på TV 2. Serien er spelt inn i Gloppen, Bremanger og Ørsta, og innspelingane har vore gjennomførte både for den norske TV 2-versjonen og ein eigen finsk versjon av programmet.



I serien blir deltakarane utfordra både fysisk og mentalt – og denne sesongen får dei verkeleg kjenne på naturkreftene. Den ville og storslåtte Gloppen-naturen dannar ramma for fleire av oppgåvene, med Eggenipa som eitt av dei sentrale turmåla.

Gloppen Næringsorganisasjon har vore ein del av prosjektet gjennom tilrettelegging og lokal koordinering, i tett samarbeid med Gloppen kommune.


Produksjonsteamet har hatt Nordfjord Folkehøgskule som base under heile innspelinga, noko som har gitt verdifulle ringverknader lokalt.

Prosjektet har òg fått støtte frå Sparebank 1 Sogn og Fjordane, som har bidrege til at produksjonane kunne gjennomførast på ein god måte.


At både norske og internasjonale TV-produksjonar vel Gloppen som arena, er eit sterkt kvalitetsstempel for regionen – og ei flott moglegheit til å vise fram naturen, kompetansen og vertskapsrolla vi har lokalt.





Årets deltakarar:

  • Mona Grudt

  • Snorre Klanderud

  • Cengiz Al

  • Christopher Robin Omdahl

  • Simen Agdestein

  • Mariann Thomassen

  • Isak Dreyer

  • Malene Elfrid Ingebrigtsen

  • Yasmin Mehmood

  • Kristine Thybo Hansen

  • Vår Staude

  • Alex Rosén

  • Louise Angelica Riise

  • Henrik Farley

Kommentarer


bottom of page