top of page

Sei di meining om reiselivet i Nordfjord og Gloppen

  • for 15 timer siden
  • 1 min lesing

Reiselivsrådet i Nordfjord gjennomfører no ei innbyggjarundersøking for å få betre kunnskap om korleis vi som bur i Nordfjord opplever reiselivet i regionen.

 

Undersøkinga er ein del av arbeidet med Merket for berekraftig reisemål, og svara skal vere med på å leggje grunnlaget for ei vidare reiselivsutvikling som tek omsyn til både lokalsamfunna, naturen og dei besøkande.

 

For oss i Gloppen er undersøkinga ekstra relevant, fordi ein del av spørsmåla tek for seg Gloppen spesielt. Dette gir oss eit viktig høve til å få fram kva innbyggjarane meiner om reiselivet i kommunen, kva som fungerer godt, og kva vi bør ta omsyn til i den vidare utviklinga.

 

Undersøkinga er retta mot deg som innbyggjar, ikkje mot verksemder. Vi oppmodar derfor alle om å svare som seg sjølve – og gjerne dele eller vidaresende undersøkinga til kollegaer, familie, vener og andre som bur i Gloppen og Nordfjord. Jo fleire som svarar, desto betre grunnlag får vi for det vidare arbeidet.

 

Undersøkinga er anonym. Skjemaet samlar ikkje automatisk inn namn eller e-postadresse, med mindre du sjølv vel å oppgi dette.

 

Vi håpar du tek deg tid til å svare – og hjelper oss gjerne med å spreie undersøkinga vidare.

 


Kommentarer


bottom of page