Meld deg på Rask oppstart – hausten 2026
- for 2 døgn siden
- 1 min lesing

Er du gründer eller driv ei oppstartsbedrift i tidleg fase? No kan du melde deg på Rask oppstart, eit gratis program frå Kunnskapsparken Vestland som hjelper deg med å utvikle produktet eller tenesta di – steg for steg.
Programmet er retta mot gründerar og oppstartsbedrifter som har eit produkt, ei teneste eller ein produksjonsprosess med vekstambisjonar, og byggjer på metodikken Disciplined Entrepreneurship.
Gjennom tre fysiske samlingar (kl. 09.00–14.00) får du verktøy og malar for å identifisere rette kundegrupper, forme verditilbod, finne inntektsmodellar, jobbe smidig og trene på å pitche ideen din. Mellom samlingane får du individuell rettleiing, og på siste samling møter du representantar frå det regionale verkemiddelapparatet.
Deltakarane får òg tilgang til arbeidsplass (hot desk) i Førde og Sogndal, møterom, og enkel bevertning undervegs – heilt kostnadsfritt, takk vere støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Kunnskapsparken Vestland.
Fyrste samling er 25. september 2026, og stad blir avklart ut frå kvar deltakarane kjem frå (Sogn, Sunnfjord eller Nordfjord). Det er avgrensa plassar og løpande opptak, så vi oppmodar interesserte om å melde seg på snarast.
Praktisk informasjon
For: Gründerar og oppstartsbedrifter i tidleg fase
Pris: Gratis
Oppstart: 25. september 2026
Omfang: Tre fysiske samlingar (09.00–14.00) + individuell oppfølging mellom samlingane
Stad: Sogn, Sunnfjord eller Nordfjord (avklarast ut frå deltakarane)
Påmelding: Avgrensa plassar, løpande opptak
Spørsmål? Ta kontakt med Hilde Grinde (hilde@kpvest.no, 908 57 937) eller Stig Ove Rygg (stig@kpvest.no, 981 10 680) hjå Kunnskapsparken Vestland.




Kommentarer