top of page

VIKTIG! Vi ynskjer tilbakemelding..

  • Vegar Sårheim
  • 15. feb. 2024
  • 1 min lesing


Gloppen Kommune er i gang med Strategisk Næringsplan for perioden 2023 til 2031.

Ein har gjennomført eit forarbeid med arbeidsverkstader i Hyen, Breim og Sandane for å få innspel til kva ein bør ta med i planen.


I fjor varte det sendt ut ei undersøking til næringslivet i kommunen kor responsen dessverre var heller dårleg med kun 23 svar.

Gloppen Næringsorganisasjon ynskjer å gje dei som skal lage utkast til ny strategisk næringsplan litt meir å jobbe med. Kommunen legg derfor ut undersøkinga på nytt, og vi håpar no at næringslivet kjenner si besøkelsestid og brukar litt tid på å svare på denne.


Frist for å svare er 1. mars.



 
 
 

Comments


bottom of page