top of page

Frå husdyrgjødsel og avfall til verdiskaping – Biogass og grøne moglegheiter i Gloppen

  • Vegar Sårheim
  • 18. aug.
  • 1 min lesing

Oppdatert: 27. aug.

Torsdag 11. september 2025 inviterer Gloppen Næringsorganisasjon til ei spennande fagdag på Tine Meieriet Byrkjelo. Her får du høyre om korleis vi kan skape grøn verdiskaping lokalt – frå biogassanlegg og næringspark til regionale satsingar og støtteordningar.


Programmet byr på innlegg frå Nyvinn, Biohub Fjordane, Grønn Region Vestland, Fjordane Biogassforum og panelsamtale om grøn industri – samt omvising på Tine Meieriet.


 I tillegg blir det god tid til frukost, lunsj og mingling med andre aktørar som er opptekne av framtidas grønne løysingar.

Agenda:

08.00 – 08.45: Frukost og mingling

08.45 – 09.00: Registrering (nb, vær ute i god tid)

09.00 – 09.05: Velkomen ved Gloppen Næringsorganisasjon

09.05 – 09.20: Biogassanlegg Teita – status og plan vidare v/ Roger Flølo, Nyvinn (15min)

09.20 – 09.35: Fjordane Biogassforum ved Anders Felde

09.35 – 09.50: Biohub Fjordane – ein motor for ny, grøn industri v/ Prosjektleiar Kristen Ravnestad og Kjartan Aa Berge (15min)

09.50 – 10.05: Kaffipause

10.05 – 10.20: Byrkjelo Næringspark – næringsareal og moglegheiter (15min)

10.20 – 10.35: Grønn Region Vestland – regionale satsingar og støtteordningar v/ representant frå Grønn Region Vestland / Innovasjon Norge (15min)

10.35 – 11.00: Panelsamtale – «Korleis lukkast med grøn industri i Gloppen?» (25min)

11.00 – 11.45: Informasjon og omvisning på Tine Meieriet Byrkjelo

11.45 – : Lunsj (Tine) / Slutt



Meld deg på og bli med når vi ser på moglegheitene for å gjere Gloppen til ein drivkraft i det grøne skiftet!


NB! Begrensa antall plassar.



Kommentarer


bottom of page