top of page

Informasjonsmøte: Cruise, Eidehøvdingen og opplevingar i Gloppen

  • Vegar Sårheim
  • 7. okt.
  • 1 min lesing

Ope møte onsdag 15. oktober kl. 19.00 i dei nye lokala til Gardsbrenneriet på Kleivedammen (Epir-bygget).


ree

Vi ønskjer å løfte fram nye satsingar og moglegheiter innan reiseliv og opplevingar i Gloppen.

På møtet får du:

  • Omvisning og presentasjon av Gardsbrenneriet si satsing på nye turistprodukt

  • Status og planar for etablering av besøkssenter for Eidehøvdingen, presentert av Jan Ove Rygg

  • Orientering frå Gloppen Næringsorganisasjon om planar om å etablere eit nytt selskap som skal tilrettelegge for lokale aktørar som ønskjer å utvikle produkt mot turistar og cruise


Dette er ei flott anledning til å bli oppdatert, stille spørsmål og kome med innspel til korleis vi i fellesskap kan skape meir aktivitet, opplevingar og verdiskaping i Gloppen.


Påmelding: Du melder deg på ved å ´kjøpe´ gratisbillett. Dette for at vi skal vite kor mange som kjem.


Kommentarer


bottom of page