Ny festival i Gloppen
- for 16 timer siden
- 1 min lesing
Velkomen til GLAS 2026
6.–8. mars 2026 inviterer Gardsbrenneriet, Gloppen Hotell og Norske Akevitters Venner til ei langhelg i hjartet av Nordfjord, fylt med smakar og opplevingar. GLAS er festivalen for deg som vil fordjupe deg i norsk sider og akevitt, enten du er entusiast, fagperson eller berre nyfiken på produkt som fjordane har å by.
Gjennom helga får du møte produsentar, pommelierar og formidlarar som brenn for handverket. Det blir smakingar av lokal og regional sider og akevitt, faglege samtalar om stil, råvarer og tradisjonar, og ikkje minst nye smakar som kanskje overraskar deg. Festivalen byr også på ei eksklusiv førlansering av ein ny akevitt, for dei som er til stades under festmiddagen laurdag kveld.
GLAS handlar ikkje berre om det som er i glaset, men om heile opplevinga. Start dagen med fjelltur til Holvikfossen, avslutt ettermiddagen med Afternoon Tea eller Sip & Mingle i hotelloungen, og la kvelden utvikle seg med festmiddag, livemusikk og godt selskap.
Alt dette skjer i rammene av Gloppen, med Nordfjordnaturen som kulisse og eit vertskap som legg til rette for ei varm, sosial og smakfull helg.
Vi gler oss til å sjå deg i mars!
Sjå programmet her: https://www.facebook.com/events/2052332322227305/




Kommentarer