top of page

Drivkraft deler ut 2 millionar i stipend – moglegheit for næringslivet i Gloppen

  • for 3 timer siden
  • 1 min lesing

Drivkraft har no lyst ut til saman 2 millionar kroner i stipend til prosjekt i Sogn og Fjordane.

Midlane skal bidra til å utvikle nye verksemder og styrke vekst i eksisterande bedrifter. Dette er ei viktig moglegheit for gründerar og næringsliv i Gloppen som sit på gode idéar eller konkrete utviklingsprosjekt.


Det kan søkast på:

  • Drivkraftstipendet – for etablerte verksemder med vekstambisjonar

  • Spirestipendet – retta mot unge gründerar i startfasen

Søknadsfristen er 31. mars 2026.


Vi i Gloppen Næringsorganisasjon oppmodar aktuelle bedrifter og etablerarar i kommunen til å vurdere denne moglegheita. Ta gjerne kontakt med oss dersom du ønskjer innspel eller sparring i forkant av søknad.


Kommentarer


bottom of page