Drivkraft deler ut 2 millionar i stipend – moglegheit for næringslivet i Gloppen
- for 2 døgn siden
- 1 min lesing
Oppdatert: for 1 døgn siden

Den nye næringsstiftinga Drivkraft lanserer to ulike stipend. Målet er å få fleire gode idéar til å bli nye bedrifter – og fleire bedrifter til å vekse. Stiftinga Drivkraft lanserer no ei pilotordning med stipend på til saman to millionar kroner.
Ordninga består av Drivkraftstipendet på inntil 500 000 kroner og Spirestipendet på 100 000 kroner for unge gründerar.
Midlane skal bidra til å utvikle nye verksemder og styrke vekst i eksisterande bedrifter. Dette er ei viktig moglegheit for gründerar og næringsliv i Gloppen som sit på gode idéar eller konkrete utviklingsprosjekt.
Det kan søkast på:
Drivkraftstipendet – for etablerte verksemder med vekstambisjonar
Spirestipendet – retta mot unge gründerar i startfasen
Søknadsfristen er 31. mars 2026.
Vi i Gloppen Næringsorganisasjon oppmodar aktuelle bedrifter og etablerarar i kommunen til å vurdere denne moglegheita. Ta gjerne kontakt med oss dersom du ønskjer innspel eller sparring i forkant av søknad.
Les meir om ordninga og søk her:




Kommentarer