Bli med og bygg faglege nettverk!
- Vegar Sårheim
- 28. mars
- 1 min lesing

Gloppen Næringsorganisasjon ønsker å legge til rette for at dei dyktige folka i medlemsbedriftene våre kan møtast og lære av kvarandre. Vi veit at det finst mykje kompetanse rundt om i kommunen – kan vi finne måtar å samle denne på, slik at vi kan inspirere kvarandre og kanskje også legge grunnlag for nye samarbeid på tvers av bransjar?
I første omgang vil vi teste dette ut med eit eige nettverk for folk som jobbar med marknadsføring – anten det er sosiale medier, annonsering, grafisk design, nettsider eller anna. Tanken er å skape ein uformell møteplass der ein kan dele erfaringar, lære nytt og
knyte kontaktar.
👉 Har de nokon i di bedrift som jobbar med marknadsføring?
Få vedkomande til å melde si interesse på denne sida, så tek vi dei med i vidare planlegging og invitasjonar.
👉 Har de forslag til andre fagområde som kunne hatt nytte av eit kompetansenettverk?
Det kan vere alt frå HR, økonomi, IT, sal eller produksjon – tips oss gjerne!
Send inn kontaktinfo og forslag til: vegar@gloppenutvikling.no
Saman kan vi skape møteplassar som gir fagleg påfyll, nye idear og sterkare samhald i næringslivet i Gloppen!
Comments