Appell frå årsmøtet i Gloppen Næringsorganisasjon – Lønsgarantiordninga
- Vegar Sårheim
- for 2 døgn siden
- 1 min lesing
Årsmøtet i Gloppen Næringsorganisasjon reagerer sterkt på situasjonen som har oppstått for dei tilsette i Brødrene Aa etter konkursen, og særleg på måten Lønsgarantiordninga fungerer i praksis.
Lønsgarantiordninga er meint å vere eit sikkerheitsnett for dei som brått mistar jobben grunna konkurs. Når NAV opererer med saksbehandlingstid på opptil 15 månader, riv ein i realiteten vekk dette nettet.
For dei tilsette har dette ført til at dei må ta opp lån for å få utbetalt løn dei har krav på, og dei må i tillegg betale rente av desse pengane. Det undergrev heile føremålet med ordninga.
Vi forventar at myndigheiter og NAV tek ansvar for å rette opp situasjonen. Dei tilsette har gjort si plikt og betalt sin skatt. Då må velferdssystemet stille opp når folk treng det som mest – ikkje sende dei ut i økonomisk uvisse.
Saksbehandlingstida må kraftig ned, og staten må ta kostnaden dersom bankane må tre inn som mellombels løysing. Det er eit minimum i eit samfunn som hevdar å ha verdas beste velferdsordningar og som seier ein vil ta vare på folk når ein kjem i ei krise.
Comments