top of page

Viktig møte tysdag 30. april

Tysdag 30. april kl. 18.00 er det ope folkemøte i Operahuset på Nordfjordeid angåande framtidig skulestruktur for dei vidaregåande skulane i Nordfjord.



Som sikkert dei fleste har fått med seg er det blant anna føreslege å legge ned studiespesialiserande linje på Firda vgs. Dette kan bety at 90 elevplassar kan forsvinne frå skulen. For skulen, næringslivet og Gloppen som lokalsamfunn vil dette ha store konsekvensar.


Vi oppmodar derfor Glopparar til å ta turen til Eid på tysdag og stå opp og vise engasjement for skulen vår!


Agenda for dagen:

  • Leiar for hovudutval for opplæring Åsmund Berthelsen ynskjer velkomen og orienterer

  • Avdelingsdirektør Bjørn Lyngdal kjem med meir detaljert informasjon med bakgrunn både for Vestland og regionen og forslaget.

  • Innlegg frå dei fire rektorane (ca 2 min kvar).

  • Innlegg frå publikum. Dei som ønskjer taletid melder seg via Slido. Det blir hengt opp plakatar og vist på skjerm QR-kode for å registrere seg for innlegg. Alle får 2 min kvar.


Vi veit det er stor interesse knytt til dette møtet, så det kan være lurt å samkøyre og være ute i god tid.

 
 
 

Comments


bottom of page