Gloppen Næringsorganisasjon (GN) set pris på samarbeidet med kommunen så langt i arbeidet med strategisk næringsplan, og høvet vi no har til å gje konkret innspel på utkastet som kommunen har sendt på høyring. Som ein representant og aktør for næringslivet i kommunen, ynskjer GN også vidare å bidra til ei samordna og framtidsretta utvikling i Gloppen. Vi ser det som viktig at strategisk næringsplan legg til rette for eit tett samarbeid mellom kommunen og næringslivet, slik at vi kan utvikle og setje i verk ein heilskapleg strategi og tiltak for vekst og verdiskaping.
Samordning av planverk
I parallell med kommunen sitt arbeid med næringsplan har vi i GN arbeidd med vår eigen strategi, der siktemålet er å definere tydelegare kva som skal vere vårt bidrag og våre fokusområde for vekst og utvikling for næringslivet og lokalsamfunnet framover. Vi ser det som viktig å vere harmonisert mot kommunen i dette arbeidet, noko vårt innspel i dette høyringsinnspelet er meint å bidra til. Ein samkøyrd strategi mellom kommune og GN vil gjere det mogleg å utnytte ressursane betre, skape større synergiar og sikre at verksemdene i kommunen får eit meir koordinert støtteapparat.
GN meiner at det er naudsynt med ein samarbeidsavtale mellom kommunen og GN som tydeleg avklarar rollefordeling, ansvar og forventingar. På den måten kan ein sikre at kommunen som representant for det offentlege, og GN som representant for næringsaktørane, opptrer samordna og aktivt skapar gode rammevilkår for næringslivet.
Samarbeidet mellom Gloppen kommune og GN
Vi opplever samarbeidet mellom Gloppen kommune og GN i dag som godt, men vi ynskjer samstundes kommunen sitt initiativ til å styrke dette med ny samarbeidsmodell velkome. Rammene for dette er det naudsynt å vidareutvikle gjennom ei formalisert avtale.
GN ser det som viktig at kommunen framleis tek ei aktiv rolle i næringsutviklinga, fyrst og fremst gjennom effektiv handsaming av næringssaker og ei offensiv tilnærming til utvikling av infrastruktur.
Samarbeidsmodellen mellom kommunen og GN må vidare legge til rette for:
Faste og strukturerte møtepunkt mellom kommune og GN.
Tettare samarbeid med næringslivet gjennom offentlege initiativ og prosjekt der GN er aktiv samarbeidspartnar.
Gode reguleringsprosessar som legg til rette for næringsutvikling.
Auke i den samla ressursbruken på strategisk næringsutvikling.
Nye metodar for etablering av nye næringar og styrke eksisterande.
Ein meir effektiv organisering av næringsarbeidet der det offentlege og private samarbeider tett vil gje betre samhandling og meir målretta bruk av ressursar, med mål om auka aktivitet og økonomisk vekst i kommunen.
Berekraftig cruiseutvikling i Gloppen
Cruiseverksemd er eit tema med både moglegheiter og utfordringar for Gloppen. GN meiner at cruise er eit område vi skal satse på å utvikle i åra som kjem, og vi har utarbeidd ein modell for berekraftig cruiseturisme som vi meiner tek omsyn til lokalsamfunn, miljø og økonomisk verdiskaping.
Strategien «Cruise på vår måte» legg opp til:
Kun eit anløp per dag.
Mindre skip med ´rett´ type passasjerar.
Skip med god miljøprofil.
Krav om lang opphaldstid for å stimulere til lokal verdiskaping.
Utvikling av lokale opplevingar og aktivitetar som kjem næringslivet lokalsamfunnet til gode.
Gradvis oppbygging av infrastruktur for å støtte ei berekraftig utvikling.
Etablere destinasjonsselskap eigd av næringsaktørane lokalt.
Stegvis oppbygging av cruise med god evaluering undervegs.
Strategisk næringsplan må vere tydeleg på at cruise er eit område det skal satsast på. For å realisere dette meiner GN at næringsplanen bør peike på behov for hamneutvikling og infrastruktur, betre tilrettelegging for turistopplevingar og nært samarbeid med og mellom reiselivsaktørar. GN ynskjer å sjå cruise som ein moglegheit for berekraftig vekst, men meiner det må skje på ein kontrollert og samfunnsnyttig måte.
Breidde i næringsutviklinga
Strategisk næringsplan bør spegle mangfaldet i næringslivet i Gloppen. Landbruk, havbruk og industri er sentrale sektorar med stor betydning økonomisk, og det gjev mange arbeidsplassar.
Landbruket står framfor fleire moglegheiter, mellom anna gjennom nye berekraftige løysingar som eit biogassanlegg på Teita er døme på. Dette prosjektet kan styrke landbruksnæringa ved å gi bøndene eit verktøy for berekraftig avfallshandtering og energiutnytting. Det er viktig at kommunen held fram si aktive støtte til dette prosjektet, og til liknande initiativ framover. GN ynskjer å vere ein aktiv samarbeidspartnar i så måte.
Havbruk gjev kommunen store skatteinntekter. Det er viktig at denne sektoren også blir nemnt i strategisk næringsplan som ei næring å utvikle vidare. Næringa treng infrastruktur og industriell tilrettelegging, samstundes som det vert teke omsyn til god forvaltning av fellesressursar.
Industri er ein viktig del av næringslivet i Gloppen, og det er naudsynt med gode rammevilkår for å sikre vidare vekst og innovasjon. Effektiv sakshandsaming, god tilrettelegging av næringsareal og infrastruktur, samt hensiktsmessige støtteordningar er sentralt for at industriverksemder skal kunne utvikle seg vidare og skape nye arbeidsplassar.
Handel og tettstadutvikling
Levande og attraktive sentrum er avgjerande for trivsel, busetjing og næringsverksemd i Gloppen. Lokal handel spelar ei sentral rolle i å oppretthalde eit variert servicetilbod, sikre arbeidsplassar og skape bulyst. GN meiner at strategisk næringsplan bør innehalde tiltak for å styrke våre sentrum som handels- og møteplassar, inkludert god tilrettelegging for lokale butikkar, fleksible reguleringar og tiltak for å auke attraktiviteten. Ein heilskapleg strategi for tettstadutvikling vil bidra til å gjere Gloppen meir konkurransedyktig som handel-, bu- og arbeidsplass.
Oppsummering
Gloppen har eit sterkt næringsliv med store moglegheiter for framtidig vekst og utvikling. For å realisere desse moglegheitene må kommunen og næringslivet samarbeide tett, samordne våre strategiar og satse på berekraftige og framtidsretta løysingar. GN ser fram til vidare dialog og etablering av ein ny samarbeidsmodell, og vi vonar at våre innspel her blir tatt omsyn til i det vidare arbeidet med strategisk næringsplan.
Commenti