PRESSEMELDING FRÅ VESTLAND FYLKESKOMMUNE:
No kan du seie meininga di om korleis tilbodet om vidaregåande opplæring i Vestland skal vere i framtida.
Fylkesutvalet vedtok 4. april å sende høyringsforslaget for heilskapleg plan tilbodsstruktur for vidaregåande opplæring på offentleg høyring med svarfrist 20. mai.
Ein slik plan skal syne kva utdanningstilbod dei vidaregåande skulane i fylket skal ha.
Gloppen Næringsorganisasjon vil snart kome tilbake til korleis vi ser for oss å kome med innspel til fylkeskommunen. MEN det er viktig at flest mogleg engasjerer seg i denne høyringa som blir svært viktig for Firda VGS og Gloppensamfunnet.
Comments