top of page

Brødrene Aa - Uttale frå årsmøtet i Gloppen Næringsorganisasjon

  • Vegar Sårheim
  • 30. juni
  • 1 min lesing

Årsmøtet i Gloppen Næringsorganisasjon vil uttrykkje sterk støtte til Brødrene Aa og dei tilsette ved verftet i Hyen. Konkursen er eit alvorleg tilbakeslag for Hyen som bygd, for Gloppen kommune og for heile regionen.

 

Brødrene Aa har i fleire tiår vore ein hjørnesteinsverksemd og ei internasjonal suksesshistorie, med teknologi og produkt i verdsklasse. Verftet skaper arbeidsplassar, store ringverknader for lokalt næringsliv og er viktig for skatteinngang og samfunnsliv i Gloppen.

 

I ei tid der Noreg snakkar varmt om nasjonal beredskap, teknologisk sjølvstende og verdiskaping i distrikta, kan vi ikkje akseptere at den unike kompetansen og kapasiteten i Hyen forsvinn. Det vil vere eit alvorleg tap, ikkje berre for lokalsamfunnet, men for landet.

 

Bygging av avanserte fartøy i denne klassen krev kapital og kraft som går utover det ein lokalt kan mobilisere åleine. Skal ny drift kome raskt i gang, må sentrale myndigheiter syne sitt engasjement – med konkrete initiativ og risikokapital. Tida er kritisk. Kompetansen må haldast i live, produksjonsapparatet må sikrast, og det må skapast tru på framtida.

 

Gloppen Næringsorganisasjon etterlyser politisk handlekraft. Staten må vere ein aktiv part i arbeidet med å sikre at den maritime spisskompetansen i Hyen ikkje går tapt. Det er naudsynt for lokalsamfunnet – og for nasjonen.

Comments


bottom of page