Salskurs for reiselivsnæringa
man. 29. apr.
|Loen
Jobbar du eller di bedrift med sal? Då har Næringshagane i Nordfjord (Inviro AS og Stryn NH) gleda av å invitere deg på salskurs i april.


Tid og sted
29. apr. 2024, 08:30 – 15:30
Loen, Hotel Alexandra, Loen, Norge
Om arrangementet
Til å gjennomføre salskurset har vi fått med oss ein av dei fremste aktørane i Noreg på salskompetanse, i Sellit AS. Sellit har sidan 2001 hatt opplæring på over 30.000 seljarar, og jobbar med dei største salsorganisasjonane i Skandinavia, så vi er svært glad for å ha fått dei til Nordfjord.
Det blir satt opp to skreddarsydde, uavhengige heildagskurs:
Eit kurs som er spesifikt retta mot reiselivsnæringar og andre tilhøyrande bransjar.
Eit kurs som er direkte retta mot sal frå bedrift til bedrift eller frå bedrift til forbruker.
29.04.24 Salskurs for reiselivsnæringa (Stryn – Alexandra Hotel)
Programmet denne dagen tar for seg korleis vi som leiarar og tilsette i reisebransjen/andre tilhøyrande bedrifter bør tilpasse oss den moderne gjesten/kunden. Både private gjestar, forretningskundar og konferansegjestar.