Kraft i Vest 2026
tor. 24. sep.
|Trivselshagen - kultursal, kino og bibli
Nytt i år er at Drivkraft er med som hovudarrangør – fordi vi deler ambisjonen om å styrke kunnskapsdeling og næringsutvikling i regionen. Og det betyr billegare billettar for deg!


Tid og sted
24. sep. 2026, 12:00 – 25. sep. 2026, 12:30
Trivselshagen - kultursal, kino og bibli, Firdavegen 21, Gotavegen 14, 6823 Sandane, Norge
Om arrangementet
På Kraft i Vest 2026 set vi søkelyset på handlekraft. Handlekraft er heilt avgjerande når vi skal omsetje intensjonar, strategiar og vedtak til konkret handling og målbare resultat. Kva skapar denne handlekrafta, og korleis nyttar vi den – som personar, organisasjonar eller som region? Korleis gir det oss den veksten og utviklinga vi ønskjer oss?
Vi ser på kva det betyr for næringsutvikling, innovasjon og grøn omstilling. Vi ser på kva som gjer dei fremste leiarane og organisasjonane handlekraftige. Vi ser på korleis vi som tilsette, leiarar eller organisasjonar kan bli endå meir handlekraftige. Og vi ser på korleis teknologien – ikkje minst bruken av kunstig intelligens – kan bidra til handlekraft.