Kraft i Vest
ons. 18. sep.
|Sandane
Konferansen er blant dei viktigaste møteplassane på Vestlandet, og samlar årleg nærare 300 deltakarar frå næringsliv, offentlege organisasjonar, akademia og politiske miljø. Bli med og få to dagar med høgaktuell innsikt, gode samtalar og sanselege opplevingar.


Tid og sted
18. sep. 2024, 12:00 – 19. sep. 2024, 17:00
Sandane, Sandane, Norge
Om arrangementet
I år skal vi innom tema som det urolege verdsbiletet, grøn utvikling på Vestlandet og kva rolle teknologi og kunstig intelligens kan spele. Du møter blant anna Erna Solberg, Terje Aasland, Kristin Halvorsen og teknologiekspert Hans Petter Nygård Hansen. I tillegg blir det engasjerande scenedebattar, mellom anna med stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane.
Tradisjonen tru blir det stemningsfull festmiddag og i år er det Heine Totland, Karianne Kjærnes og Roger Allan Ivin som står for underhaldinga. Her får du ein musikalsk oppleving av høgste kvalitet, innramma i lattergapande humor og ein energi som er einestående i norsk samanheng!
Vi gler oss og håpar at DU kjem! Sjekk ut programmet og meld deg på her:
Våre samarbeidspartnare til konferansen er Sparebanken Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge Vestland, Høgskulen på Vestlandet og Vestland Fylkeskommune.